Gudbrandsdalsegg | Gudbrandsdalskaku | Gardsovernatting | Gardsbakst Landhandel | Gardspub | Nettbutikk

Legg eit lite egg…

…kanskje det er av gull?

Velkomen til opplevingar med det vesle eggstra – midt i fjellheimen, tett på fjordidyllen! På historiske Nordigard Ramstad kjem eventyret i mange formar. Frå fjøset, på garden, i naturen, ved matbordet, gjennom historia og i den storslåtte naturen og levande kulturlandkapet som omgir oss. Velkomen til gards og til bords!


Nordigard Ramsstad har nå fått sin egen nettbutikk Ramstadbue
- bestill online og få såper, kremer og gaveartikler rett i postkassa.

web_AL6A2857.jpg

Mellom høgfjell og verdsarvfjord

Historiske Nordigard Ramstad ligg fritt og vakkert til på solsida i fjellbygda Skjåk – krinsa av nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellmetropolen Lom ligg ein svipptur unna, verdsarvfjorden Geiranger motsett veg. Her vel du opplevingar frå øvste fjellhylle!

 
AL6A2987.jpg

Lokalmatfatet

Om du kjøper stuttreiste Gudbrandsdalsegg i butikken. Feirar med smaksbomba Gudbrandsdalskaku på bordet. Nyt solmodne Gudbrandsdalsbær til desserten. Byr på gyllen Gudbrandsdalshonning til kvelds. Eller vaknar eventyrlysten etter himmelsk søvn i tunet vårt. Uansett er du hjarteleg velkomen til både bords og til gards. Eit meir innhaldsrikt gardseventyr skal du leite lenge etter!

AL6A2334.jpg

Gardsovernatting

På Nordigard Ramstad vaknar du midt i fjelleventyret etter ei nydeleg natt i historiske Ramlarstugu, trivelege Eldhuset, intime Ysthuset eller den romslega gardsleilegheita i våningshuset. Sov godt, drøm søtt - og få gjerne frukosten servert i sjarmbomba Ramstadstugu.

 

Gudbrandsdalskaku

Bakt for hand med kjærleik, tid og dei beste ingrediansar frå Nordigard Ramstad og fjellheimen i kring, er Gudbrandsdalskaku ei smaksbombe å bli både svimmel og lykkeleg av.

 
AL6A3098.jpg

Gullegg

Å gjere gull av gråstein er få forunt - men dei frittgående fjellhønene på Nordigard Ramstad kan kunsten. I vårt nybygde hønseri blir 7000 kvalitetsegg med fjellheimens gulaste plomme verpa fram kvar dag - og egg med små skader i skalet tryllar vi om til smaksbomba Gudbrandsdalskaku utan at ein plomme går til spille!

Nettbutikk

Inspirert og namngitt av landhandleriet vårt Ramstadbue, finn du i nettbutikken ei mengd framifrå gardsprodukt frå eigen gard og dyktige leverandørar.

 

Gudbrandsdalskaku

Bakt for hand med kjærleik, tid og dei beste ingrediansar frå Nordigard Ramstad og fjellheimen i kring, er Gudbrandsdalskaku ei smaksbombe å bli både svimmel og lykkeleg av.

 
AL6A3098.jpg

Gullegg

Å gjere gull av gråstein er få forunt - men dei frittgående fjellhønene på Nordigard Ramstad kan kunsten. I vårt nybygde hønseri blir 7000 kvalitetsegg med fjellheimens gulaste plomme verpa fram kvar dag - og egg med små skader i skalet tryllar vi om til smaksbomba Gudbrandsdalskaku utan at ein plomme går til spille!

Honning.jpg

Gudbrandsdalsbær & honning

Stuttreist, smaksrikt og 100% naturleg – med kvalitet på høgde med fjellheimen dei hentar sin herlege smak frå. Der har du gyllen Gudbrandshonning og solmodna Gudbrandsdalsbær. Dyrka og foredla på Nordigard Ramstad som alt anna vi byr deg til å smake og nyte.

 

Klar for gardseventyret?